onsdag 11. november 2009

Bolero/Poncho

Når eg satt på den grusomt kalde lesesalen på skulen i dag kom eg til å tenke på eit praktisk plagg eg sydde i påska som eg enda ikkje har vist fram. Er ein bolero eller ein poncho. Er knappar ein kan kneppe igjen på ulike måtar slik at plagget blir annleis. Plagget er sydd i to ullstoff så eg trur den skal få lov å ligge i sekken min til kalde lesesaldagar. Har alltid på meg masse klede når det er kald, men ein treng litt ekstra når ein skal sitte på lesesalen. Skulle hatt eit strykejern før eg viste fram den her, men det har eg ikkje. Får vel skrive det opp på ønskelista mi til jul. (Den har eg foresten oppdatert litt.)





mandag 9. november 2009

Mandarin? Klementin?

Hmm... Har Tine verkeleg mandarin i "Mandarin og Ananas kremosten"? Spesial import av mandarin? Eller er det kanskje eigentleg klementiner dei har putta oppi?

(Eg spurte Tine, det er mandarin)

lørdag 7. november 2009

Fluesopp og stekt eple


Eg har heldigvis ikkje ete fluesopp og stekt eple, eg har kjøpt meg ein fluesopp og ete stekt eple. Kjøpte soppen hos Søstrene Grene i dag. Falt pladask for den, så den fekk bli med meg heim for ca. 40 kr. Soppen er ei skål med lokk. Fin og nyttig med andre ord. Har ein fluesopp til i heimen
som eg trur eg ikkje har vist fram før. Denne soppen er ein øl/brus åpnar.




Å så til dei stekte epla. Veldig god dessert, som er av den sunne sorten. Eg er ikkje akkurat kjent for å ta det største innhogget i fruktskåla, men enkelte fruktting er veldig godt. For 1 porsjon. Skjær eit eple i terningar, strø kanel, sukker og kardemunne over(skal vel kanskje ha litt smør på også? det glømte eg. Går fint uten). Rør litt rundt. Ha bitane i ei ildfast form. Sett i ovnen på 250 grader i 10 min. Plutselig god dessert. Eg kjem nok til å lage med slike eple fleire gongar. Ser kanskje ikkje kjempe godt ut, men det luktar veldig, veldig godt.

Julie og Julia

Eg har i lang tid hadd veldig lyst å reise til Paris når eg ser eit miniatyr eifeltårn eg har fått av ei venninne av meg. Og i dag fekk eg enda meir lyst til å fare til Paris når eg såg "Julie og Julia" på kino. Herleg film. Om du ikkje har sett den kan eg godt anbefale den.

Filmen handlar om Julie som ikkje har det så bra som bestemmar seg for å lage ein blogg der ho skal koke seg igjennom 524 oppskrifter frå kokeboka "Å meste den franske kokkekunsten", som Julia har skreve, på eit år. Vi får to parallelle historier , den eine Julias jobb med å skrive kokeboka og Julie sitt år som bloggar. Eg fekk fekk veldig lyst til å lage "god" mat som eg ikkje er så glad i, f.eks fløtesoppsaus med kylling (sopp er ikkje så godt) som såg velidg godt ut. Merly Streep er foresten ein herleg skodespelar (ho spelar Julia).

Andre som skal/har benytta seg av den store kinodagen? Sett noko bra?

torsdag 5. november 2009

Nesnalobben!!!

Eg har sprukke. Men eg må seie at har sprukke shoppingløftet mitt med stil. Fekk endeleg levert inn datan min i dag på ein anna expert butikk en den eg har vore på før, for der forstår eg meg ikkje heilt på dei som jobba der (Eg har vore der to gangar og fortsatt hadde dei ikkje tatt inn datan min til reperasjon. Har ikkje fått noko lånedata no heller, men eg har heldigvis ei veldig snill klassevennine som lånar meg mini datan sin til meg i helga. Eg er foresten nr to på venteliste på lånedata, på ein anna butikk hadde eg blitt nr 5. Har ringt litt rundt i dag...). Når eg skulle gå heim frå expert såg eg ein skobutikk som stilte ut nesnalobben. Måtte inn å sjå på dei. Dei hadde dei berre i 38 så når eg kom heim leita eg litt på nettet og fant ein plass der ein kan kjøpe nesnalobben på nett.

Ente opp med å ringe til Grændsen skotøymagasin for å høre om dei hadde dei. Noko dei hadde. Er ikkje så lett med å finne riktig størrelse på disse skona. Eg brukar 36 til vanleg, eg kjøpte 39... Så eg trur ikkje eg hadde turt å kjøpe dei på nettet uten å vite kva eg størrelse eg burde ha. Sidan vintersko er noko eg manglar syns eg det var likegreit å kjøpe dei no. Eg har hatt nesnalobben før men måtte gi dei frå meg sidan dei var litt for små. Så endeleg har eg fine nye sko, men dyr er dei.

(Beklagar dårleg bilete. Litt dårleg lys om kvelden no)

Når eg først var på dei kantar av byen der bruktbutikkane ligg på rekke og rad, gjekk eg innom eit par og kom over to tor viking te-koppar. Vell å merke utan fat.

Å berre ein ting, eg gir meg ikkje med shoppingløftet mitt heilt enda. Eg har tross alt kjøpt noko fornuftig som eg har bruk for. Og eg vil trur eg har kjøpt kvalitet i staden for kvantitet og det er jo i shoppingløfte ånden. Bevist shopper med andre ord.

mandag 2. november 2009

Snart er det jul...

Dataen min vart plutselig sjuk på lørdag, så eg har ikkje lenger data med fungerande skjerm heime. Får meg lånedata på onsdag, så i mellomtida tenkte eg at eg skulle plage dykk med ei lite julegåve ynksje liste. Er så praktisk å berre legge den ut her, så veit eg at dei som vil får lest den. Lista blir oppdatert etterkvart eg kjem på lure ting.


  • Kakespade
  • Steikespade
  • Vakumpose (dei har for eksempel på jysk (praktisk å ha når eg skal pakke til nederland))
  • Stor svart veske (type skin/liksomskin. Må ha godt plass til a4 skuleting)
  • Lita svart vekse (type handveske med lang reim. Har funne ut at eg har masse svarte sko og berre brune veske...(og eg likar ikkje så veldig godt svart og brunt i lag))
  • Svart midjestrikkbelte
  • Vaffeljern
  • Blender
  • Paiform
  • Fine julekule sopp og kule med hull begge frå House doctor. På søstrne grene hadde dei fine små fugla med klype til å feste på teet, eller greine for den som ikkje kjem til å ha juletre på nokre år.
  • Ti på topp amsterdam reisehandbok.
  • Nattkjole
  • Strykejern

onsdag 28. oktober 2009

Sushi <3

Sushi

Eg har lenge vore skeptisk til sushi. Rå fisk? Æsj. Men så feil kan ein ta. Vi nordmen gjer vel ekklare ting med fisken enn å ete han rå. Grave den ned og putte den i lut for eksempel(!). Smakte sushi for fyrste gang i sumar og syns det vart kjempe godt, men eg har ikkje ete det igjen før i dag. Er ikkje ofte eg kjøpe take away, kjem berre ikkje på at det går ann. Er vel kanskje like greit, er vel ikkje alt som er like bra å ete masse av (og ikkje så billig heller). Fisk derimot må vel være bra? Eg har foresten budd to og eit halvt år i oslo uten å ete kebab. Skeptisk? Ja.

mandag 26. oktober 2009

Litt her og litt der

Det er ikkje lett å ha kontrollen på alt serviset ein har når litt er hos søstra mi og litt er heime med foreldra mine, mens resten er med meg i oslo. Har hatt ei lita opptelling av Tor Vikingen samlinga min, etter at systra mi har kjøpt enda litt meir til med i dag. Byrja å bli ei ganske så lang liste.

Kaffikoppar - 9
Sausenebb
Eggeglass - 5
Små fat - 11
Eit enda mindre fat
Eit rundt serveringsfat
Serveringsfat, små rektangel - 2
Serveringsfat, stort rektangel
Mugge - 2
Ildfast form
Tekanne
"Smørsmelter"
Middagstallerken - 11
Fløtemugge
Sukkerskål
Tekopp
Skål - 4 eller 6 stykker

Tor Viking

Middag for 9 personar med kaffi er med andre ord ikkje noko problem. Er ikkje akkurat ofte eg har besøk av 9 personr samtidig, men no kan eg hvertfall ikkje ha ei dårleg undskylding med at eg ikkje har servise eg kan bruke (eg har vel heller for liten plass). Det einsate som skal kjøpast av Tor Viking framover er tekoppar og ei ny sukkerskål (den eg har har eg limt saman). Så om du er ein av dei som kjøper for meg veit du kva eg er på jakt etter, og kva eg har.

søndag 25. oktober 2009

Eplekake og Detektivbyrån

eplekake

I dag har eg hatt besøk av ei venninne av meg. Det som øfte skjer når vi møtast heime med meg er at vi lagar noko godt på kjøkkenet. Eplekake var det vi ordna til i dag. Oppskrifta finn ein på det søte liv. Den vart veldig godt etter at den stod 20 min lenger i ovnen en det oppskrifta sa. Hybelovnene min er ikkje heilt god når det gjeld kakebaking. Fekk også bruke litt av Tor Viking servise mitt. Har så vidt brukt noko av det før så det er kjekt å få bruke det litt til fint.

Gjesten min hadde med seg ein cd av eit band ho hadde vore på konsert med i går, Detektivbyrån. Eg falt pladask for dei. Veldig koselig musikk som minnar om filmmusikken til Amelie. Vært å ta ein lytt til.

Håpar du har ein fin søndags kveld. :)

onsdag 21. oktober 2009

Kva les du?

Anne of Green Gables

Haust, bøker og te høyrer på eit eller anna vis saman. Er vel berre assosiasjonar eigentleg, men med tanke på bokhausten så er hvertfall det vel litt innarbeida... Er ei stund sidan eg har lese noko anna enn pensum føler eg, det siste eg las var Arn serien, og no har eg byrja på ein ny serie etter at eg fekk lånt med "Anne of Green Gable" for eit par dagar sidan. Har sett "Anne fra Bjørkely" filmane mange gangar, men eg har aldri lese bøkene. Er vist ni stykker av dei, så eg kan ha litt å lese på framover. Har lese første kapittelet no og helt i meg ein kopp med tranebær te som eg kjøpte i Tromsø. Veldig god te, som snart er tom. Kva les du for tida? Og kva har du helst i koppen? Kaffe, te? Kanskje kakao?